Av alle stadar eg
var reist til og sett, er det få som kan måla seg med idyllen på heimstaden
min, Ritland. Ritland er eit lite område som ligg nesten midt mellom Sand og
Suldalsosen i Suldal kommune. Ingen stad er vakrare, meir inspirerande eller
meir avslappande enn staden eg kjem frå, ein tidlig morgon, når morgondisen
ligg som eit tynt teppe over beita våre der kyrne beitar. Nokon av dei et, nokon
søv, mens nokon står klar ved grinda og ventar på å få sleppa inn i fjøset for
deira daglege morgonpleie. Til vanleg er eg ikkje ein morgonfugl, men når eg
trekker mitt første pust ute på tunet mens sola så vidt gløtter over
austafjella da, da er det ingen plass eg heller ville vore enn akkurat der.
Ritland er eit gardsområde der tre løer og enger omring kvarandre. Vårt bruk
ligg i midten av dei tre og sørgjer for at den landligge idyllen strekk seg
langt forbi vår eiga eigedomsgrenser. Her er det rom for både vaksne og barn
til å utfolde seg og halde på med dei aktivitetar ein måtte ynskje.
Eg likar veldig godt korleis du forkalarar Ritland. sjølv så har eg så vidt vert på Ritland, men dette høyras ut som ein plass eg kunne besøkt. Ny Norsken din er veldig flott og eg koste meg når eg leste innlegge ditt.
SvarSlettHøyres ut som ein fantastisk stad. Du skildrar godt på nynorsk. Sjekk ordet landligge.
SvarSlett